Valknuten

by Knut Robert Knutsen

Valknuten er ein av 4 gamle ufullendte serier, den eldste ca 10 år gamal, som eg no legger ut på nettserier. Denne var laga til det kortliva Bergensbaserte bladet Baddis, og består av 6 sider (av ein historie på 24 ). Dette er ikkje ei humorstripe, men ein fortsettelsesserie. Dette er serier som eg godt skjøner ikkje gjekk vidare, men det kan vere greit å "rydde loftet".

Dette er ein Superheltserie, med tenåringar som har fått kreftene sine frå gamle "superheltar" frå norrøn tid (karakterer frå mellom anna fornaldersagaer).  Som de vil sjå, så er dette ein serie eg utvikla i lag med Arild Wærness (redaktør) og Dave Windett (som opphaveleg skulle vere teiknar), men etter kvart blei det til at eg skulle teikne han sjølv. Mellom anna fordi Dave teikna ein annan serie eg skreiv for Baddis : Byheksa.

Eg skreiv og ein tredje serie som heitte Fosforengel til Baddis, som er grunnen til at denne serien ikkje fekk plass i nokre av dei hefta som vart utgitt.

Published 2011-09-14 00:00:00

5 comments

torhildo

2011-09-14 11:31:34

torhildo

Nest siste rute er flott tegnet og fargelagt.

Knut R Knutsen

2011-09-14 11:58:09

Knut R Knutsen

Takk. Dette var i den perioden då eg først lærte meg å bruke photoshop til fargelegging og der er mange store feil igjennom serien, men eg lærte mykje. Mellom anna så er fargane her mykje for intense. I trykk ville dei totalt ha overvelda strekane rundt (det merka eg på det som vart utgitt i Baddis av Fosforengelen, som vart gjort på same tid. ) Eg er meir nøgd med den fargestilen eg kjørte i Aviarium Mobile nokre år seinare.

Gambit

2011-09-17 13:28:10

Gambit

Stilige masker de har. Synes det ser litt merkelig ut at beina til han i blått kommer ut i fjerderuta.

Knut R Knutsen

2011-09-17 13:40:33

Knut R Knutsen

Hm. ja, prøvde meg på ein Steranko-gimmick der rute 1 og 3 er eit bilete skilt av ramme og det same med 2 og 4, for å skape ein viss effekt, men det var ikkje gjennomtenkt nok.

Join the discussion!

Log in to add your comment!