Ting folk sa - illustrerte sitat

by Ting folk sa

Om vener

Kvarteret er studentuteplassen i Bergen.

Published 2012-05-08 00:00:00

8 comments

Bowser3620

2012-05-08 12:08:30

Bowser3620

Hvorfor dropper du ikke bare figuren og skriver teksten? Det blir like lite vitsetegning, og du sparer 30 sekunder. Win/win.

Ting folk sa

2012-05-08 14:41:50

Ting folk sa

Er det eit forslag til korleis gjere noko betre heller enn ein rein "fy, så dårleg du er"-kommentar du kjem med her? Eg har venta lenge på denne dagen. Endeleg noko å svare på.

Altså: eg gjer begge deler, faktisk. Men reintekstversjonen legg eg ikkje ut på denne sida.

Pirk: dette er ikkje ei vitseteikning. Men eg ser at skiljet mellom "vits" og "artig sitat eg overhøyrde nokon seie" er litt vag, så eg skal ikkje vere vanskeleg.

Du kan forresten trøyste deg med at eg sluttar på nettserier etter denne veka:) Ta det dog endeleg ikkje personleg - eg har berre funne ein plass som passar meg betre.

Forslag: Kritikk er ikkje alltid negativt, sjølv om mange trur det. Konstruktiv kritikk med faktiske forslag til korleis gjere noko betre gjer betre gjenklang hos dei som mottar kritikken enn det å berre påpeike at noko er dårleg ville ha gjort. Kva med å prøve å inkludere eit "om du ønsker å oppnå X kan du prøve med å gjere Y" i kommentarane dine? Folk kan ta til seg kunnskapen din, og du risikerer at dei gjer som du foreslår. Betre stemning blir det òg - kanskje nokon vil begynne å spørje deg om råd? Win/win.

Ting folk sa

2012-05-08 14:48:48

Ting folk sa

Tilleggsforslag, siden du jo åpenbart har mykje å seie til folk: kva med å fokusere på ein ting av ganga? Om ein seier alt på ei gang blir det raskt litt overveldande, og folk kan sjelden ta til seg mykje på ei gang. Presisjon er bra. Eg veit til dømes framleis ikkje kva du meiner er så fælt med teikningane mine, ei heller korleis du meiner dei burde vere. Er det at dei ikkje er anatomisk korrekte? At bakgrunnen er flat? At det ikkje er handling? Burde det ha vore skuggar der?

Å velje ut ein av dei mange tinga du reagerer på, fortelje kva du meiner er gale og korleis det kan bli fiksa på vil sannsynlegvis føre til at serieskaparane her i større grad tek til seg tipsa dine og den kunnskapen du sitt inne med.

Ein ting av ganga, vær konstruktiv, bli høyrd på. Ikkje kast bort kunnskapen din med å vere usmakleg, det tjener ingen på.

Ting folk sa

2012-05-08 14:52:20

Ting folk sa

La meg forresten beklage at eg her tek føre meg meir enn éin ting. Eg får orsake meg med at eg snart forlet plassen og dermed ikkje har mange fleire sjansar.

Irilar

2012-05-08 16:50:05

Irilar

Jeg ser gjerne mer av dette, hvor er det du flytter? Tegningene ER veldig stygge, men det er vel gjort med vilje er det ikke? Jeg synes igrunn det passer å illustrere disse sitatene med fæle paint-tegninger -det understreker hvor fæle menneskene som gryter ut av seg disse tingene kanskje er innvendig. Her passer eksteriøret til interiøret.

Personlig hadde jeg dog gjerne sett at skriften ble forandret til noe som er litt lettere å lese. Slik de er må jeg konsentrere meg for å skjønne hva som står, og jeg er altfor overfladisk til å like å bruke tid på slikt ;)

Ting folk sa

2012-05-08 17:17:13

Ting folk sa

Irilar: Hehe, det ER med vilje, ja:) Og av nettopp den grunnen du trekk fram!

Godt råd om teksten. Eg er heilt einig. At han er som no kjem av at eg til no har gjort dette i ein litt skadeskutt versjon av teikneprogrammet Gnome på ein Linux med eit os så gamalt at det ikkje var så lett å finne kor eg skulle laste ned tekstboksfunksjonen at eg gadd å gjere det. Latskapen lenge leve. No er det oppdatert, så framover kjem dei med trykt tekst.

Eg legg ved ei lenke på den som kjem til laurdag - det er ikkje heilt klart endå. Kjekt du vil bli med vidare. Slikt varmar ein gamal krok <3

RogerPihl

2012-05-08 20:42:28

RogerPihl

Keep me posted. Hyggelig med noe annet enn grinebitere.

Join the discussion!

Log in to add your comment!