Affen

by kai sf

Prosjekt Tobias

Hei alle saman. Eg ber så mykje om orsak for at eg ikkje har fortsatt å legga ut Adolf som lova. Det har vore så mange prosjekt på gang, at eg rett og slett ikkje har fått gjort noko som helst med favorittfiguren min. Eg har lyst å syna fram ein teikning av eitt av prosjekta eg no driv på med. Eigentleg er det ein godt gøymt løyndom, men om mine vyrde nettserier-vener ikkje seier noko, så skal eg fortelja såpass. Eg går svanger :-) - med ein svært Neil Gaiman-inspirert novelle. Guten du ser på teikninga er Tobias - hovudpersonen. Kjem attende så snart eg kan. Saknar dykk alle.

Published 2009-03-27 00:00:00

7 comments

Olaf

2009-03-27 08:18:55

Olaf

Greitt, eg må spørja ... kva kyrkje er dette?

Eg tenker av ein eller annan grunn Sagrada Família, er eg heilt på villspor?

arildtorvundolsen

2009-03-27 08:55:31

arildtorvundolsen

Det er ikkje Fjell kyrkje, i alle fall. Sopass kan eg òg sjå.

Nils Petter Smeby

2009-03-27 10:36:08

Nils Petter Smeby

Neil Gaiman-inspirert historie i din spesielle dyster-stemningsfulle strek? Sikle!

mahatma

2009-03-27 11:03:16

mahatma

hehe. takk NilsP. Dette er St. Patrics cathedral i New York. Eg vitja den for tre veker sidan då eg var på kurs. Eg har ikkje satt nokon deadline på når alle illustrasjonane til boka skal vera ferdig, men eg skal lova å publisera kvar einaste ein til mine vener her på nettserier.no :-)

mahatma

2009-03-27 11:04:35

mahatma

Er det forøvrig nokon som er på twitter her på bruket. Eg er hekta. Det er Neil Gaiman òg. Han tvitrar fleire gonger i døgeret, og er totalt hekta, seier han sjølv. og det er han sjølv. Svært morosamt å koma nær heltane på denne måten.

Frk. Blips

2009-03-27 12:48:07

Frk. Blips

Aiii, dette blir mat for mons!

Jeg er twitter-motstander. Edit: Eller kanskje ikke helt. Ser nytteverdien når det skjer store ting i verden og øyenvitner deler sine opplevelser. Men fri meg fra alt hverdagspjattet.

Join the discussion!

Log in to add your comment!