Semaforo

by Olaf Moriarty Solstrand

Fyrverkeri

Published 2012-01-02 00:00:00

5 comments

Frk. Blips

2012-01-02 03:27:54

Frk. Blips

Får Kulør-assosiasjoner. Enkle fargefigurer i filosofisk samtale. Tror jeg ville jobbet litt mer med figurdesignet, synes disse to ble så nøytrale at de framstår sjarmløse. Men jeg liker avslutningen her.

Levi

2012-01-02 09:29:49

Levi

Dritbra. Kanskje du kunne hatt andre typer farger.

Bowser3620

2012-01-02 17:16:19

Bowser3620

Tenner han på sitt eget hus, og dermed spør om å få overnatte, eller tenner han på rød mann sitt hus, og får avslag på overnattingen fordi sofaen da er nedbrent? Bare lurer. Egentlig en ganske god stripe. Ikke hylende morsom, men av typen man husker. Kanskje figurene kunne sett på huset i siste rute, istedenfor på hverandre? Ville gitt bittelitt mer samspill mellom figurene og hva som skjer, og kanskje gjort ting hakket mer vemodig.

InvalidASS

2012-01-02 21:13:58

InvalidASS

Idéen er ikkje dum, men det skortar ein del på teikningane. Eg ville gjerne at figurane kunne hatt fingrar, og beina kunne med fordel vore teikna utan "kne".

Olaf

2012-01-03 09:34:52

Olaf

Takk for kommentarar! Eg kan ikkje svare på kommentarar utan å først fortelja kva tanken bak denne serien er.

Denne serien er eit eksperiment, i alle meiningar av ordet. Både denne stripa og alle framtidige striper kjem til å vera relativt improviserte, i den forstand at denne serien ikkje eigentleg har nokre klare rammer. Vanlegvis når eg startar på ein ny serie set eg meg ned og tenkjer grundig gjennom personlegdomar, miljø, mogleg plottutvikling og alt det der. Det har eg ikkje gjort med denne serien. Eg har vald å starte med to personar som på mange måtar er blanke ark - eg veit så godt som ingenting om dei - og planen er at både dei og miljøet rundt dei skal utvikle seg etterkvart som serien går framover. Det same gjeld teikningane - eg startar med så enkle teikningar som overhovudet mogleg, hovudsakeleg av to grunnar - at eg sjølv er ganske dårleg til å teikna i utgangspunktet, og at eg vil ha ein stil som er så enkel at eg har moglegheit til å prioritere kvantitet ei stund. (Målet er til å byrja med tre striper i veka - måndag, onsdag, fredag.) Når eg blir meir komfortabel med eigne teikningar kjem teiknestilen sjølvsagt til å utvikle seg. Korleis kan eg ikkje seie enno då eg ikkje har oversikt over det sjølv, men sjå desse første stripene som eit utgangspunkt, for det er det dei er meint som. Det er her det byrjar, og så får det vera opp til figurane, kor komfortabel eg er med eiget arbeid og kva kommentarar eg får korleis serien kjem til å utvikle seg.

Det nøytrale figurdesignet er altså heilt medvitent, og om ein lurer på kva figurdesignet er løyst basert på er eg sikker på at ein skjøner det om ein googlar seriens tittel i eit biletsøk. Det eg satte meg som mål var at dette skulle vera eitt steg opp frå strekmenn - eg vurderte òg å berre lage ein strekmannserie, men fann ut at eg ville ta i LITT meir enn det. Og etterkvart som serien utviklar seg kan det godt hende at det dukkar opp anatomiske absurditetar som fingrar òg.

«Andre typer farger» ... går ut frå at du meiner at serien burde ha vore fargelagt, Levi. Kanskje ein dag i framtida, men for augeblikket ser eg ikkje eit behov for det. Eg liker enkel svart-kvitt-stil, og eg liker òg kontrasten som kjem ved å fargeleggja hovudpersonane, men trur ikkje eg har behov for å fargeleggja meir enn det. Men når det er sagt kan det jo hende at eg ombestemmer meg på det feltet.

«Kulør-assosiasjoner» ... OK, den såg eg kome. Men eg trur at dei assosiasjonane først og fremst er visuelle, og at dei kjem til å dempe seg etterkvart som serien går framover, då min serie tross alt handlar om menneske som lever i ei menneskeleg verd og må forholde seg til menneskelege tradisjonar og lovar og skikkar, medan Kulør handlar om det abstrakte omgrepet fargar, som kan setja farge på omgivelsene sine, oppheve tyngdekrafta, puste under vatn, henge med Gud, Sauron og kaptein Sorte Bill, gå rundt nakne og vera merksame på det, absorbere abstrakte ting med absorberingspistolar, putte demonar inn i kvarandre og lever i ei verd der det eksisterer berre eit tjuetals levande vesen. Så likdomstrekka er forhåpentlegvis ikkje SÅ mange.

Bowser3620: Det er nok dårlege teikningar som gir inntrykk av at dei ser på kvarandre. Har forsøkt å rette det opp, er det betre no? (Trykk refresh) Elles er det nok sitt eiget hus han har tent på, ja.

Join the discussion!

Log in to add your comment!