Pacham

by Olaf Moriarty Solstrand

Berre ein test ...

Eg har fått meg teiknebrett! (Wacom Bamboo Fun Pen&Touch Medium) Hadde lyst til å prøve å teikna ei side av eittelleranna for å sjå kva eg kunne få til, og dette er første forsøk. Bra er det sjølvsagt ikkje, men det blei langt betre enn eg trur det ville ha blitt om eg skulle ha teikna dette på papir.

Ettersom det eg bestemte meg for å teikna var ei scene frå Pacham frå ein del av historia eg aldri har kome så langt at eg har fått teikna før, fann eg ut at eg like godt kunne laste det opp hit sånn at de kan slakte det. Nei, det tyder ikkje at de kjem til å få jamlege oppdateringar av dette frå no av - men du verden så gøy det var å teikna dette igjen.

Published 2012-10-01 00:00:00

7 comments

2012-10-01 00:12:24

Kommer serien din tilbake?

Olaf

2012-10-01 00:16:52

Olaf

Har foreløpig ingen store planer om det, mistenker at det hadde gitt langt meir meining å satse på nyare og friskare idear. Men ein veit jo aldri.

Knut R Knutsen

2012-10-01 06:11:06

Knut R Knutsen

Har eigentleg berre småpirk å kome med: Rutekantane er litt tjukke, det same er streken rundt boblene. Boblene er kanskje litt for ovale/avlange og teksten kjem for nær kanten. Foretrekker fraktisk frihandsstreken på figurane og bygningane, men det stikker seg litt ut mot dei glatte ovale formane til boblene.

Loki

2012-10-01 08:49:12

Wohoo! NANA NANA NANA NANA NANA NANA NANA NANA PACHAAAAAAM!

Bowser3620

2012-10-01 16:00:48

Bowser3620

Ting kunne vært en anelse strammere, men samtidig er det befriende at alt ikke er linjalrett. Du kunne tjent på å tegnet ting i bakgrunnen med smalere strek enn ting i forgrunnen. Du er inne på det iblant, men tynnere strek på ting i forgrunnen gjør at ting står mer ut, og tynnere strek gjør at ting i bakgrunnen blir litt lettere å tegne.

Pass også perspektivet litt. I rute 5 ligger bygningen bakerst litt skjevt, på grunn av måten du har tegnet veien. Bare et råd til senere, alt sånt må passes litt på.

Frk. Blips

2012-10-01 21:18:47

Frk. Blips

Gøy med brett. Kunne tenkt meg litt tynnere strek både på figurene og boblene. Men du må jo bare prøve deg fram i starten.

Olaf

2012-10-02 00:08:11

Olaf

Hadde heilt gløymd kor mykje gode tilbakemeldingar ein får her inne, det er så det fristar å prøve å halde fram med å lage seriar.

Eg noterer meg følgjande: - rutekantar og strek rundt bobler er litt tjukke. Ok, det kan eg vera einig i, så ikkje eit problem å endre på det. - boblene er litt for ovale/avlange. Vel, ja, eg er einig i det òg, må finne ut om eg kan løyse det på ein eller annan måte. Trur dog at eg er fornøgd med å kunne lene meg på Photoshop akkurat der - svært usikker på om det hadde sett særleg bra ut å bruke frihandsteikning her. Når det er sagt, er det jo berre å prøve det. - Ting kunne ha vore strammare teikna. HEILT einig! No kan ein diskutere om eg burde ha lagt ut denne sida i det heile tatt, for eg laga ho jo eigentleg berre for å klare å venne meg til nytt teiknebrett. Difor blei dette drodling og frihandsteikning, og sjølv om eg hadde eit lag med skisser, gjorde eg heller ikkje der noko som helst som kunne minne om linjalbruk denne gongen. Det må eg jobbe vidare med, sjølvsagt. - Ting i bakgrunnen burde vera teikna med tynnare strek enn ting i forgrunnen. Det har eg faktisk prøvd å få til her - kvar gong eg har gjort noko på bakgrunnslaget mitt har eg aktivt gått inn i programmet og senka blyanttykkelsen. Det eg er nøydt til å bli vant til er at teiknebrettet er trykkfølsomt og difor tar hensyn til kor hardt eg teiknar og ikkje berre kva tykkelse eg har vald i programmet. Så sånt blir nok betre når eg berre blir meir vant til brettet. - Perspektivet er ikkje godt nok. Heilt einig. Og eg har allereie bestemt meg for at det neste eg skal forsøke å lage med teiknebrettet blir eit forsøk på å teikna godt perspektiv. Med tanke på kor mange hjelpeverktøy ein eigentleg har for sånt når ein teiknar digitalt, har eg absolutt ingen unnskyldningar for å slurve med perspektivet lenger!

Takk Knut, takk Bowser, takk Blips!

Join the discussion!

Log in to add your comment!