Game Over

by Lise Engdal

Game Over 008

Lekte meg veldig med perspektiv her! Det er ganske så likt stua her også sånn rent bortsett fra diverse pyntegjenstander, spillkonsoller og...stuebord

Published 2012-01-27 00:00:00

5 comments

Olaf

2012-01-27 09:37:37

Olaf

Eg må berre innrømme det: Eg hater denne typen vitsar. Striper der dei første rutene går ut på at anten lesaren eller ein av figurane høyrer noko som høyrast mistenkeleg ut som sexlydar eller ein diskusjon som kan høyrast veldig ut som ein diskusjon om sex, og så viser det seg i siste rute at det berre er ein av figurane som snakkar om å ommøblere kontoret eller speler Mario eller noko sånt. Eg veit heller ikkje kor realistisk dialogen er, eg kan aldri hugsa å ha tenkt «FEIL HØL!» medan eg har spelt Mario (men så har eg ikkje 3DS, så eg aner ikkje kva rørleggjaren driver med i 3D).

Du skriver i kommentaren at det du IKKJE har teikna her er stuebord, pyntegjenstandar og spelkonsollar. Skjøner godt at du kutter ned på detaljar, og det hadde blitt rotete om stua såg for overlessa ut, men akkurat i serien Game Over, som handlar om spelgærningane Lizzy og Dadaph, er spelkonsollane noko du burde framheve. Eg har sett stua di og kjenner ho igjen, men dei fleste lesarane har ikkje det. Hadde du putta inn alle seks eller er det åtte wii-ane dykkar i første rute, hadde det vore eit visuelt verkemiddel som fortalte lesaren med ein gong at «her bur dei der spelgærningane». Berre ein tanke.

Stort sett bra perspektiv, og fint at du leiker deg, men lenestolen skurrar litt med resten av stua. Eg skjøner at du har tenkt at stolen står litt skeivt, men går ut frå at det likevel er meininga at armlena skal vera flate og parallelle med kvarandre, og difor burde linjene frå dei òg møtast i eit forsvinningspunkt på horisontlinja. Istadenfor ser dei ut til å møtast i eit punkt eit stykke under biletkanten. I første rute har du òg vinkla toppen av døra inn til verkstaden feil (bak første «JA!»).

Usikker på kva eg tenkjer om den store svettedråpen på Dadaph i siste rute. Slike er jo velkjente i manga, men eg synest framleis at dei ser litt spesielle ut i vestlege teikneseriar, der fleire små svettedråpar framleis er meir vanleg. Det var ikkje før på tredje gjennomlesing at eg faktisk skjønte at dette kanskje forestilte ein svettedråpe, ved første gjennomlesing tenkte eg berre såvidt over at det var så merkeleg form på øret til Dadaph ...

Lizzy

2012-01-27 14:30:39

Lizzy

Takk for at du tar deg bryet med en såppas lang kommentar Olaf! Setter virkelig pris på det. Når det gjelder vitsen så er jeg totalt enig med deg, de er blitt brukt for mye. Ideen kom til av at Bård stusset over alt bråket mitt da jeg spilte Super Mario 3D Land like etter det kom ut og den ble skisset ned uten videre betenkning. Jeg bearbeidet den ikke, noe jeg nå ser jeg burde gjort. "Feil høl" der var også Bårds forslag. Når det gjelder leilighwten og stua så ser jeg hva du mener med å ha stashj rundt om, og det ville jeg også ha tegnet om det ikke hadde vært for at jeg jobber på A4, det blir for smått. Jeg burde kanskje ha gått opp til A3. Og det med døra i rute 1 så jeg faktisk ikke før nå! Hvordan det kunne gått meg hus forbi aner jeg ikke, menn takk for at du er oppmerksom! Jeg skal skjerpe meg! Neste stripe er allerede tegnet og keg vil påstå at den er mye bedre på alle punkter

Dadaph

2012-01-27 14:35:06

Dadaph

Tar på meg æren av å ha skrevet denne stripa ja, og den er slik den var i sin opprinnelige form. Selv står jeg på mitt og synes den er morsom, men jeg ser også hvordan den kan virke uoriginal...

Frk. Blips

2012-01-27 16:57:14

Frk. Blips

Uff, leste bare de to første setningene i Olavs kommentar, og de oppsummerte min egen reaksjon på denne stripa. Fine farger, i det minste.

InvalidASS

2012-01-27 20:19:25

InvalidASS

Nja, litt oppbrukt som det nevnast, men eg har sett værre.

Join the discussion!

Log in to add your comment!